Utstilling
Christa Barlinn Korvald
Til tross for growing economy har vi korte armar og krev skogane tilbake
Til tross for growing economy har vi korte armar og krev skogane tilbake.
Få veit at begrepet cruising egentlig har opphavet sitt frå lesbiske cruiseskip.
Lesber og andre vesen blei i si tid fordrivne frå skogane og skufla til havs ut på store luksuriøse skip (seinare kalla cruiseskip). Homsane fekk etter dette tildelt dei lesbiske skogar kor det blei drive cruising blant grantreas skjermande mørke. Samtidig blei lesbenes erotiske aktar flombelyst på cruiseskipa og kringkasta ut til majoritetsbefolkningas umettelege begjær. Nå er òg homsane fordrive til fordel for plen.
Eit målretta arbeid om gjenokkupering av dei lesbiske skogar er i gang. Oppvåkninga har sterk sammenfalling med alvorlege klimautslipp og ein nedlegging av reint sjøvatn. Handsutstrekningane blir stadig kortare i takt med samfunnets vaksande vekstøkonomi. Handlingsrommet for samføding, fri sex, fellesskap, gjensidig varme og ein roleg død er i dag sterkt trua grunna av pågåande vegarbeid og omlegging av midlar.
Lyske, Bjørg, Unni, Blikko, Alice, Hur, Silvy, Ruben, André, Jon Merke, Rot, Christa og Grung samlar seg i jakta på eit brestepunkt.
Utstillingsåpning
Fredag 18. november kl. 18:00-20:00
Åpningstider
Lørdag 19. november kl. 12:00-16:00
Søndag 20. november kl. 12:00-16:00