Utstilling

Nina Bang Larsen

Grensetilfelle

03.03. – 05.03.2017

Velkomen til utstillinga Grensetilfelle av Nina Bang Larsen. Utstillinga er spesielt laga til Studio17, og integrert i denne tekstilinstallasjonen kan du for fyrste gong sjå videoarbeida ho sette i gong med hausten 2016.

Nina Bang Larsen tek med seg kvardagslege og velkjende materiale inn i ein arbeidsprosess som er fullstendig ope for fri fantasi og slump. Ho let ikkje logikk og tolkingshunger stå i vegen for ein idé, arbeida veks fram som forvirrande setningar som fram mot ei utstilling blir sett saman til ei surrealistisk forteljing. Med ein komposisjon av fargerike formar lokkast tilskodarane inn i den absurde verda, og ynskjer dei ei tolking er dei velkomne til å koma med den sjølv.

Nina Bang Larsen (f. 1981, Hardanger) bur i Bergen og har mastergard frå Kunsthøgskolen i Bergen (2010). Ho har dei siste åra hatt eit mangfald av ulike separatutstillingar, blant anna: Soft Galleri (Oslo), Kunstmuseet Nord-Trøndelag (Namsos), Prosjektrom Normanns (Stavanger) og Vestfold Kunstsenter (Tønsberg). Bang Larsen har også vore med i fleire gruppeutstillingar: Kunsthåndverk 2015 i Kunstindustrimuseet (Oslo), Kunstbanken Hedmark Kunstsenter (Hamar), Visningsrommet Kurant (Tromsø), Visningsrommet USF (Bergen), Sculpture by the Sea (Århus, Danmark). Våren 2016 fekk ho Billedkunstnernes Vederlagsfond treårig stipend.

Åpning:

Fredag, 3.3.2017
19:00

Åpningstider:

Lørdag–søndag
12:00–16:00

Lenker:

www.ninabanglarsen.com