Utstilling

Simon Torssell Lerin & Bettina Hvidevold Hystad

Mount Buzhou og Amaterasu

09.06. – 12.06.2016

Lerin/Hystad inviterer deg inn i dei audiovisuelle verk Mount Buzhou og Amaterasu.

Verka er frå ein serie arbeider der duoen skaper reiseskildringar ved hjelp av lydlandskap og fotocollage. Duoen har under kunstnaropphald i Chongqing/Kunming (Kina) og Kyoto/Tokyo (Japan) samla inn material i form av feltopptak og foto. Dette materialet er deretter sampla og manipulert til duoen sin eigen skildring av staden og kulturen.

Mount Buzhou er eit mytologisk fjell vest i Kina, og ifølgje kinesisk mytologi er det dette fjellet som held oppe himmelen. Verket er manifestert som ei serie på 6 fotocollage og eit lydverk.

Amaterasu tar sitt namn frå solgudinna i den japanske mytologien. Gudinna gøymde seg i ei grotte etter at bror hennar Susanoo hadde eit raserianfall. For å lokka henne ut arrangerte gudane ein fest med høglydt musikk og støy. Verket ermanifestert som ei serie på 18 fotocollage og eit lydverk.

Simon Torssell Lerin (SE) og Bettina Hvidevold Hystad (NO) utgjør duoen Lerin/Hystad. Dei jobber i skjæringspunktet mellom kunst og musikk og samarbeidet deira starta i 2010. Verka deira blir i utstillingar presentert som audiovisuelle installasjonar. Duoen har dei siste 6 åra hatt ei rekke kunstnaropphald, konsertar og utstillingar i inn- og utland. Duoen driv også plateselskapet og studioet Extemporaneous Recordings som gir ut musikk og lydverk på CD og vinyl.

Åpning:

Torsdag, 9.6.2016
18:00

Åpningstider:

Fredag–søndag
12:00–16:00