Utstilling

HITYAMAC

Skumringsstykker 1–14

04.12. – 06.12.2015

HITYAMAC er ei forkorting for «Have I Told You About My Arctic Childhood?», og er eit livekonsept med improvisert musikk, performance og video­kunst. Gruppa består av Henrik Koppen (video, performance), Torkjell Hovland (kontrabass) og Torgeir Hovden Standal (akustisk gitar). Ein perfomance artar seg som ei assosiativ historiefortelling der tema som relasjonen mellom natur og menneske og syklusar i naturen utforskast.

I Studio17 vil HITYAMAC gjennomføre ei musikalsk performance­ utstilling der publikum kan ‘droppe innom’ og kome og gå som dei vil. Under opningstida vil det kvar halvtime starte ein ny performance etter ein open form­komposisjon, eit nytt ‘kapittel’ i ei ordlaus historie. Rommet kjem dermed til å vere i kontinuerlig endring under heile opningstida. Publikum vil i Studio17 møte ein videoinstallasjon som fungerer som eit leirbål. Leirbålet er ein ur­stad der ein kan utveksle historier, vere trygge frå farane som trugar i mørkret og spele musikk. HITYAMAC behandlar projektoren som eit preparert instrument i samspel med musikken i det nye verket Crepuscular Pieces der motsetnadane lys/mørkre og lyd/stille utforskast.

Utstillingen er støttet av Rogaland Kunstsenter.

Program:

Fredag, 4.12.2015
18:00–22:00
18:30 Kapittel 1
19:00 Kapittel 2
19:30 Kapittel 3
20:00 Kapittel 4
20:30 Kapittel 5
21:00 Kapittel 6
21:30 Kapittel 7

Laurdag, 5.12.2015
18:00–22:00
18:30 Kapittel 8
19:00 Kapittel 9
19:30 Kapittel 10
20:00 Kapittel 11
20:30 Kapittel 12
21:00 Kapittel 13
21:30 Kapittel 14

Søndag, 6.12.2015
17:00–19:00
CODA ­ein samanhengande performance